Oasen midt i Stryn

Etter ein dag med aktivitet og storslått natur er det tid for å nyte, og det gjer du best i den spanande og innbydande bakgården vår, lokalisert midt i Stryn sentrum. Her finn du både innerom og uterom tilrettelagt for aktivitet, nydelig mat, avslapping, god musikk og sosialt samvære.

Her finn du mellom anna:

Badestamp

Utedusj

Stor badstu

Pizzaovn

Grill og utelounge

Bålplass

Trehytte med skybar

Klinebu

Festlokale

Storskjerm

Møterom og konferanse

Bar

Opplegg for trubadurar og musikalske gjestar

Mykje, mykje anna

Folka

Velkomen til Lodgen – ein base for aktivitetsbaserte opplevingar i Stryn, året rundt.

Vi er Svein og Heidi, folka bak Lodgen Stryn. I 2019 kom vi flyttande frå Oslo med familien vår, etter at Svein (som opprinneleg er frå Stryn) kjøpte villaen som no går under navnet Lodgen. I Oslo jobba Heidi som ernæringsfysiolog for Olympiatoppen, og Svein var leiar på sin eigen friluftsbaserte skulefritidsordning for born. Vi har med andre ord alltid vore engasjert i å gje andre ein auka livskvalitet gjennom sunne og gode aktivitetar.

Vi har superlyst til ta deg med på ut på tur, uansett kva form du er i! Det viktigaste er at du er motivert til å gi naturen ein sjanse, og at du tester ut eventyra som Stryn og Nordfjord har å by på.

Vårt største ønske er å vise fram den storslegne naturen i Stryn og Nordfjord til både deg som bur her og deg som kjem på besøk.

  • Villaen og Leilegheiter

    Stryn sin einaste aktivitetsvilla, med 4 dobbeltrom og eit 3-personsrom. Her er det sjarme og ei kjensle av ærverdig nostalgi i veggane. Villaen er fra 1903 og var da Stryns første landhandel.

  • Låven

    Tilbring natta i den største låven i Stryn sentrum. Her har vi 5 dobbeltrom og 2 familierom for inntil 3 personar. I låven finn du også festlokale, konferanserom, storskjerm, lounger og mykje anna moro.

  • Uteområdet

    Bakgården vår har vi brukt mykje tid på å gjere akkurat slik vi vil ha han sjølv. Her finn du badestamp, badstu og dusjar, trehytte høgt oppe i lufta, grill og loungeområde, bålplass og mykje meir.