Lodgen Stryn arrangerer guida turar heile året
Opplev naturen rundt Stryn med ein person som veit om alle dei perfekte turane for ei minneverdig naturoppleving
Svein Ørjasæter
Guide og aktivitetsansvarleg
"Naturen er sjefen
og så var draumen å bygge ein Lodge som stod i stil.”
Svein bygde Lodgen for å skape ein perfekt basecamp for å oppleve Vestlandet. Visjonen er å ta med menneske ut i den storslagne naturen for å skape meistring og minner. Lodgen er bygd for å nyte kjensla etter ein dag med aktivitet og guiding.
Ta kontakt med Svein på telefonnummer: +47 909 69 681
Alle turar blir tilpassa etter dine ønskemål og føresetnader
Leig ein guide til din…
-
Sykkeltur
Bli med på ein guida sykkeltur på veg eller sti. Turen blir tilpassa etter ditt nivå.
Sykkel og hjelm er inkludert.
Frå 595 NOK per person.
-
Kajakktur
Med utgangspunkt i Flo kan du oppleve det turkise brevannet ved Oppstryn.
Kajakk og redningsvest er inkludert.
Frå 595 NOK per person.
-
Fjelltur
Det finst tusenvis av moglegheiter til å oppleve fjella rundt Stryn til fots. Med ein guide finn du turen som passar deg.
Frå 495 NOK per person.