Eit litt annleis

Julebord

Gi dine kollegaer ei oppleving utanom det vanlege, og book årets julebord i vår sjarmerande låve. Hos oss får du god mat, overnatting og kjekke aktivitetar. Vi skreddersyr julebordet til deg, og gjer alt vi kan for å skape ei minneverdig oppleving.

Skikkeleg julestemning

Kom i julestemning på Lodgen! Låven sin rustikke sjarm, med julelys og varm innredning, skapar ei magisk atmosfære som set deg i riktig stemning. Våre julebord i låven gir deg den perfekte ramma for å skape ei minnerik feiring.

Aktivitetar som passar for alle

Vår julebordpakke er meir enn berre ein fest. For dei som ønskjer å styrke gruppa, tilbud vi spennande aktivitetar inspirert av Mesterens Mester. Desse oppgåvene vil gi deg og ditt team mulegheita til å konkurrere og samarbeide, for å utvikle ferdigheter og bygge sterke relasjonar.

Dersom du heller har lyst til å utforske naturen og nyte den friske vinterlufta, arrangerer vi også fjellturar i og rundt Stryn. Desse turane lar deg kome i kontakt med naturen, og lar deg koble av frå stress i kvardagen.

Dette får du

  • Vi har 33 sengeplassar fordelt på 14 rom. I den ærverdige villaen er det 5, medan vi i låven har 7 rom. I tillegg har vi to kule leiligheiter. Alt ligg samla, med same bakhage.

  • Vi lagar julematbuffet i Stryn sin kuleste låve. Det blir rikeleg med god julemat og valgfri dessert.

  • Vi kan legge til rette for aktive opplevingar som sæterturar, lengre fjellturar eller tur til Loen Skylift. Vi kan også arrangere lagbyggande aktivitetar i hagen. Dersom det er ønskeleg, organiserer vi dette før julebordet på kvelden.

  • Vi kan vere behjelpelig med transport og leige av utstyr. Ta kontakt så hjelper vi gjerne til!

Lurar du på noko, eller vil du høyre om vi har noko som passar deg og dine kollegaer?

Ta kontakt, så hjelper vi deg.

Svein Ørjasæter

T: +4790969681
E: booking@lodgenstryn.no